Utlysing: Kultursamarbeid med Latvia

EØS-midla

Er du interessert i kulturminnevern eller kulturutveksling med Latvia? No har du sjansen til å få støtte gjennom EØS-midla.

Illustrasjon: Kulturløftet

Er du interessert i kulturminnevern eller kulturutveksling med Latvia? No har du sjansen til å få støtte gjennom EØS-midla.

Det er til saman to utlysingar som no er opne med ulike tidsfristar. For begge utlysingane er det lagt til rette for at norske partnarar kan delta i prosjekt. Sjå under kvar utlysning for kven du kan kontakte for å få meir informasjon.

Guide til ein vellukka partnarskap

 

1) Kulturutveksling

Det er satt av om lag 4,7 millionar kroner til kulturutveksling mellom Latvia og Noreg. Målet er å styrke kultursamarbeidet mellom dei to landa våre. Partnarskap er difor obligatorisk. Det gis støtte til samarbeid mellom utøvande kunstnarar, kulturinstitusjonar og produsentar av kulturelle tenester. Det vert lagt vekt på at prosjekta støttar opp om felles europeiske verdiar som toleranse og ikkje-diskriminering, inkludert kulturelt mangfald og kamp mot anti-semittisme.

Følgjande kultursektorar er omfatta: musikk, dans, teater, sirkus, visuell og audiovisuell kunst, design, fotografi, litteratur og film.

Både norske offentlege og private institusjonar og stiftingar kan få støtte gjennom EØS-midla til å delta i samarbeid med latviske partnarar. Norsk kulturråd er involvert i kulturutvekslingsprogrammet frå norsk side, og kan svare på spørsmål og hjelpe deg å kome i kontakt med potensielle partnarar i Latvia.

 Søknadsfrist: 20. desember

2) Utvikling av kulturminner 

Frogn kommune deltok i eit trearkitekturprosjekt i Latvia i forrige runde med EØS-middel. Prosjektet fikk ein prestisjetung europeisk pris for kulturminne. Foto: UD

Det er satt av om lag 10 millionar kroner til restaurering og formidling av kulturarv i Latvia der føremålet er å skape ny aktivitet og arbeidsplassar knytt til kulturminna. Det vert også oppmuntra til å utvikle prosjekt som skal ta vare på kulturarven til nasjonale minoritetar, inkludert den jødiske.

Mellom anna desse aktivitetane kan få støtte:

  • Restaurering, særleg med vekt på latvisk tre-arkitektur og bevaring av den latviske Art Noveau-arven
  • Bevaring av handverkstradisjonar

Det er lagt til rette for at norske aktørar kan delta i prosjekt i samarbeid med latviske partnarar. Det er ikkje nokon avgrensing i kven som kan delta frå norsk side i prosjekt, både offentlege og private aktørar er velkomne.

Riksantikvaren er involvert i programmet, og kan svare på spørsmål og hjelpe deg å kome i kontakt med potensielle partnarar i Latvia.

Søknadsfrist: 6. desember.