Utlysing: Kultursamarbeid med Portugal

EØS-midla

Interessert i kultursamarbeid med Portugal? No er det mogleg å søke om reise- og prosjektstøtte for å bli kjent med portugisiske kulturutøvarar og utvikle felles prosjekt.

Frå sirkusskulen Chapito i Lisboa, Portugal. Skulen hjelper særleg vanskelegstilte ungdom å komme på rett kjøl og har fått støtte frå Noreg gjennom EØS-midla tidlegare. (Foto: Christian Grotnes Halvorsen/UD)

Interessert i kultursamarbeid med Portugal? No er det mogleg å søke om reise- og prosjektstøtte for å bli kjent med portugisiske kulturutøvarar og utvikle felles prosjekt.

Det er satt av over 8 millionar kroner til kultursamarbeid mellom Noreg og Portugal gjennom EØS-midla.

Føremålet er å støtte prosjekt som bidreg til kulturelt mangfald og auka fleirkulturell forståing. Delvis inspirert av det norske prosjektet den kulturelle skulesekken, er føremålet å etablere prosjektsamarbeid mellom portugisiske skuler og kulturarbeidarar samt norske kunstnarar og kulturinstitusjonar. Prosjekt der utdanningskomponenten er tydeleg formulert vert prioritert for støtte.

Det er mogleg å sende inn prosjektforslag innanfor følgjande område:

  • arkitektur
  • dans
  • design
  • digital kunst
  • musikk
  • fotografi
  • teater
  • bildekunst

For at norske og portugisiske kunstnarar, kulturinstitusjonar og skuler skal treffe kvarandre og utvikle prosjektidear, er det også mogleg å få støtte til reiser og møteverksemd. Det er også mogleg å søke om støtte til mindre aktivitetar (konferansar, studieturar, korte utvekslingsopphald mm) som bidreg til å styrke samarbeidet mellom Noreg og Portugal innan kultursektoren.

OBS: Kort frist
Norsk kulturråd samarbeider med Portugal om gjennomføringa av det EØS-middelfinansierte kulturutvekslingsprogrammet. Dei kan også hjelpe deg med å finne fram til partnarar i Portugal. Se kontaktinformasjon lengre ned.

Merk at det er kort frist for å søke reisestøtte, allereie 6. januar 2014. Frist for å søke om støtte til samarbeidsprosjekt er 31. mars 2014. Søknader skal sendast elektronisk. Sjå lenke nedanfor.

Meir informasjon: