Utlysing: Kultursamarbeid med Romania

EØS-midla

Interessert i kultursamarbeid med Romania? No er det mogleg å søke om støtte til å bli kjent med rumenske kulturutøvarar og førebu felles prosjekt.

Studentkoret ved universitetet for musikk i Buchuresti øver til konsert. Foto: Donald Webber

Interessert i kultursamarbeid med Romania? No er det mogleg å søke om støtte til å bli kjent med rumenske kulturutøvarar og førebu felles prosjekt.

Romania er eit ukjend land for mange i Noreg – også på kulturfeltet. Gjennom EØS-midla kjem Romania som kulturnasjon til å tre tydelegare fram for oss.

Til saman over 56 millionar kroner er sett av til kulturprosjekter kor norske kulturaktørar er invitert til å delta som partnarar. Føremålet er å fremme kulturell dialog og kulturelt mangfald.

For at norske og rumenske kunstnarar og kulturinstitusjonar skal treffe kvarandre og diskutere prosjektidear, er det nå mogleg å få støtte til reiser og møteverksemd for å førebu søknader.

Søknadsfrist er 16. desember 2013.

Kven kan søke?

  • Organisasjonar/institusjonar innan kulturfeltet, inkludert non-profit og frivillige organisasjonar
  • Kunstnarar, kulturarbeidarar og studentar

Kva vert det gitt støtte til?

  • Å treffe eller søke etter potensielle samarbeidspartnarar til prosjektsamarbeid
  • Deltaking på konferansar, arrangement, studieturar, besøk, eller andre arrangement som er lagt til rette for å finne samarbeidspartnarar

For å søke fyller man ut elektronisk søkeskjema.

Meir informasjon: