Utlysing: Kultursamarbeid med Slovakia

EØS-midlane

Noreg og Slovakia ønsker å bruke kultursamarbeid til å styrke fleirkulturell forståing og toleranse i Europa. Om lag 12 millionar kroner er no tilgjengelege for slike samarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla. Merk kort frist.

Alle prosjekt må gjenspegle minst ett av desse føremåla:

  • Spreie toleranse og grunnleggjande rettar
  • Inkludering av romfolk
  • Motverke ekstremisme, rasisme, hatprat, homofobi eller antisemittisme
  • Motverke seksuell trakassering, vald mot kvinner og menneskehandel

Det er mogleg å søke om støtte til felles prosjekt innan alle typar kulturuttrykk, frå musikk til scenekunst, visuell kunst og film.

Det gis tilskot på mellom 50 000 og 200 000 euro per prosjekt. Det er mogleg å søke om reisestøtte for å utvikle felles søknader med slovakiske partnarar.Sjå utlysingsteksten for fleire detaljar (lenke lengre ned på sida).

Kultursamarbeidet er finansiert av Noreg gjennom EØS-midlane.

Fristen for å søke er 14. august 2015.

Les meir/kontaktperson: