Utlysing: Hjelp Polen med integrering av flyktningar
EØS-midlane
Nyheit | Dato: 30.10.2015 | Utanriksdepartementet
Noreg bidreg med 800 000 euro til Polen for å hjelpe landet med førebu mottak av fleire flyktningar. Støtta er gjort tilgjengelig gjennom EØS-midlane.

Den auka tilstrømmingen av flyktningar til Europa utgjer eit press på ei rad land. Polen deltek i dugnaden for å fordele byrdene mellom EUs medlemsland og har sagt ja til å motta fleire flyktningar.
For å førebu mottak og integrering av flyktningane er det nå lyst ut 800 000 euro (omlag 7,5 millionar kroner) til frivillige organisasjonar i Polen gjennom EØS-midlane.
Støtta skal fordelast på prosjekt som bidreg til å
- førebu fagpersonar (psykologar, omsetjarar, med fleire) på arbeid med nye grupper flyktningar
- førebu kommunar og lokalsamfunn på å ta i mot nye innbyggjarar
- førebu informasjons- og undervisningsmateriell
- identifisere barrierar til integrering i det polske samfunnet
Muligheiter for norsk deltaking
Norske organisasjonar og institusjonar med erfaring frå mottak og integrering av flyktningar kan delta i samarbeid. Dette må i så fall skje gjennom ein polsk partnar. Sjå meir informasjon om dette i utlysingsteksten (lenke lengre ned på sida).
Det hastar med å gjennomføre tiltak. Fristen for å søke er 10. november. Prosjekta må vere gjennomført innan utløpet av april 2016.
Les meir:
- Last ned utlysingsteksten
- Norsk kontaktperson: Csilla Czimbalos, Helsingforskomiteen, tlf 93 28 43 04
- Database kor norske interessentar kan registrere seg
- Guide til ein vellukka partnarskap