Utlysing: Miljøprosjekt i Estland

EØS-midla

Kompetanse på miljøvern og økosystem? Det EØS-middelfinansierte miljøprogrammet i Estland er på jakt etter gode prosjekt som kan få støtte.

Kompetanse på miljøvern og økosystem? Det EØS-middelfinansierte miljøprogrammet i Estland er på jakt etter gode prosjekt som kan få støtte.

I overkant av 8 millionar kroner er tilgjengelege i utlysinga og frist for så søke er 4. november.

Det er ei målsetting at EØS-midla skal bidra til å styrke kontakten om samarbeidet mellom Noreg og Estland. Søknader med norsk partnar vil derfor bli honorert i vurderinga av kva for prosjekt som skal få støtte. Det er den estiske partneren som må stå som hovudsøkar.

Det er mogleg å få støtte til prosjekt innanfor følgjande to område:

  1. Utforsking av havbotn og naturvern
  2. Restaurering av leveområde for dyr, og utvikling av metodar for å måle kva for godar vi får frå naturen

Det estiske miljødepartementet og Miljødirektoratet samarbeidet om gjennomføringa av programmet. Dei inviterer også interesserte til ein informasjons- og partnarskapsdag i Tallinn 23. september. Reisekostnader vil bli dekka.

Les meir på Miljødirektoratets nettsider

Kontaktperson: Trygve Hallingstad, telefon 22 57 35 53/416 30 323