Utlysing: Næringslivssamarbeid med Polen

EØS-midla

Norske verksemder og forskingsinstitusjonar er invitert til å vere med å gjere europeiske næringsliv grønare. Over 150 millionar kroner er tilgjengeleg for samarbeidsprosjekt med polsk næringsliv.

Foto: Innovasjon Noreg

Norske verksemder og forskingsinstitusjonar er invitert til å vere med å gjere europeiske næringsliv grønare. Over 150 millionar kroner er tilgjengeleg for samarbeidsprosjekt med polsk næringsliv.

Det er mogleg å få støtte til felles prosjekt til investeringar i:

  • grøn teknologi
  • miljøvenlege produksjonsprosessar
  • utvikling av grøne produkt
  • kompetanseheving og opplæring

Næringslivsprogrammet er finansiert av Noreg og har kome i stand gjennom EØS-midla. Det er et mål for regjeringa at EØS-midla skal styrke samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Innovasjon Noreg forvaltar støtteordninga og har også ansvar for å leggje til rette for å etablere gode partnarskap og hjelpe norske aktørar å finne fram til samarbeidspartnarar i Polen.

Verksemder registrert i Polen må stå som hovudsøkar. Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til gjennomføring av prosjekta. Det er også mogleg for norske verksemder og forskarar å få dekke reiseutgifter mm i tilknyting til utvikling av prosjektidear og -søknader. Besøk programmet sine nettsider for fleire detaljer gjennom å bruke lenkene nedanfor.

Søknadsfrist: 28. mai 2014

Det er registrert rundt 300 selskap med norske eigarinteresser i Polen. Dei fleste av desse er små og mellomstore. Handelen mellom Noreg og Polen har auka kraftig dei seinaste åra, og Polen er nå blant det viktigaste handelspartnarane våre.

Meir informasjon: