Utlysing: NGO-prosjekt i Latvia

Norske frivillige organisasjonar kan delta i samarbeid med latviske partnarar under det EØS-middelfinansierte NGO-fondet i Latvia. Støtta er lyst ut nå.

 

Norske frivillige organisasjonar kan delta i samarbeid med latviske partnarar under det EØS-middelfinansierte NGO-fondet i Latvia. Støtta er lyst ut nå.

Fondet kjem til å støtte prosjekt og aktivitetar som bidreg til å styrke demokratiske verdiar og menneskerettar, samt sosial rettferd og berekraftig utvikling.

I Latvia er det også lagt vekt på å støtte prosjekt retta mot barn og unge i tillegg til prosjekt som legg til rette for multikulturell dialog og integrering av minoritetar.

Det er lagt til rette for samarbeid mellom norske og latviske organisasjonar. Søknadene må gå via latvisk partnar.

Gjennom EØS-midla er det sett av 73 millionar euro til Latvia for perioden 2009-14. Av dette utgjer støtta til frivillige organisasjonar 10,4 millionar euro.

Les meir: