Utlysing: NGO-samarbeid med Bulgaria

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midla

Norske frivillige organisasjonar kan delta i samarbeid med bulgarske partnarar under det EØS-middelfinansierte NGO-fondet i Bulgaria. Støtta er lyst ut nå.

Frå partnarskapskonferansen i Sofia i november 2012. Tolv norske organisasjoner deltok saman med over 100 bulgarske. (Foto: Open Soiety Institute, Sofia)

Norske frivillige organisasjonar kan delta i samarbeid med bulgarske partnarar under det EØS-middelfinansierte NGO-fondet i Bulgaria. Støtta er lyst ut nå.

Fondet kjem til å støtte prosjekt og tiltak innanfor fire område:

  1. Demokrati, menneskerettar og godt styresett
  2. Sosial inkludering og støtte til sårbare grupper
  3. Berekraftig utvikling og miljøvern
  4. Kapasitetsbygging for frivillige organisasjonar

Fondet skal bidra til å styrke det sivile samfunnet i Bulgaria og spesielt bidra til økt toleranse, økt respekt for menneskerettar og mindre diskriminering av etniske, religiøse og seksuelle minoritetar.

Fondet er på totalt 11,8 millionar euro og er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla. I den første utlysinga er det mogleg å søke både om støtte til å utvikle prosjekt mellom norske og bulgarske partnarar, samt til gjennomføring av prosjekt.

Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til prosjektsamarbeid så lenge dette ikkje overstig 30 prosent av støtta per prosjekt.

Norske organisasjonar eller offentlege og private institusjonar som ønskjer å delta i samarbeid med bulgarske partnarar, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke lengre ned på sida)

Fristen for å søke om støtte til prosjektutvikling er 18. februar, medan fristen for å søke om støtte til prosjekt er 1. april.

Les meir: