Utlysing: Norsk-estisk forskingssamarbeid

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 22 millionar kroner til forskingssamarbeid mellom norske og estiske forskarar. Frist for å søke er 14. mars.

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 22 millionar kroner til forskingssamarbeid mellom norske og estiske forskarar. Frist for å søke er 14. mars.

Det er mogleg å søke om støtte både til grunnforskning og anvendt forskning innafor dei aller fleste områda (sjå lenke til fullstendig utlysing lengre ned på sida).

Det er obligatorisk med minst ein norsk partnar i kvart prosjekt. Det er òg mogleg å inkludere samarbeid med forskarar utanfor Noreg og Estland.

Noregs Forskingsråd er involvert i programmet frå norsk side og skal leggje til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet (sjå lenke nedanfor).

Forskingsprogrammet i Estland er også knytt til stipendprogrammet under EØS-midla som blir utlyst seinare.

Gjennom EØS-midla er det sett av over 750 millionar kroner til forskingssamarbeid mellom Noreg og fleire mottakarland. Seinare kjem det liknande utlysingar for Tsjekkia, Latvia, Ungarn og Romania.

Les meir: