Utlysing: Norsk-polsk forskingsprogram

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Har du lyst til å samarbeide med forskarar i Polen? Det norsk-polske forskingsprogrammet under EØS-midla har nå lyst ut over 280 millionar kroner til samarbeidsprosjekt.

Foto: Guri Dahl, tinagent.com

Klikk her for å sjå kva EØS-midla støttar i Polen

Har du lyst til å samarbeide med forskarar i Polen? Det norsk-polske forskingsprogrammet under EØS-midla har nå lyst ut over 280 millionar kroner til samarbeidsprosjekt.

Programmet dekker forskingssamarbeid på eit bredt spekter av område: Miljø, klimaendringar, helse, samfunnsforsking og forsking på polsk-norske relasjonar, likestilling og arbeidsliv.

Fristen for å søke er 30. november.

Noregs Forskingsråd skal leggje til rette for samarbeid og hjelpe norske forskarar som ønskjer å delta prosjekt.

Du kan lese heile utlysingsteksten på nettsidene til det polske forskingsrådet.

Liste over andre utlysingar