Utlysing: Norsk-rumensk forskingsprogram

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 175 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom rumenske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 17. januar 2014.

Frå det polytekniske instituttet i Bucuresti, eit av dei fremste vitskaplege universiteta i Romania. Ei rad internasjonale teknologiselskap har lagt dei europeiske hovudkontora sina til Romania. Foto: Donald Webber

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 175 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom rumenske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 17. januar 2014.

Det er mogleg å søke om støtte til prosjekt innanfor følgjande tema:

  • Fornybar energi
  • Helse og matvaretryggleik
  • Miljøvern og miljøforvalting
  • Samfunnsforsking og humanistisk forsking

Både grunnforsking og anvendt forsking kan få støtte. Fleire detaljar om prioriteringar innanfor dei ulike tema finst i utlysingsteksten (sjå lenke nedanfor).

Utlysinga er en del av det store forskingsprogrammet i Romania som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Ei av målsettingane er å styrke forskingssamarbeidet mellom Noreg og Romania, og det er obligatorisk med minst ein partnar i kvart prosjekt frå Norge, eventuelt Island eller Liechtenstein.

[Guide til ein vellukka partnarskap]


Noregs Forskingsråd er involvert i programmet frå norsk side og skal leggje til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet (sjå lenke nedanfor).

Gjennom EØS-midla er det sett av over ein milliard kroner til forskingssamarbeid mellom Noreg og Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Polen og Romania.

Les meir: