Utlysing: Norsk-tsjekkisk forskingsprogram

EØS-midla

Forsking og innovasjon skal bidra til økonomisk vekst og nye jobbar i Europa. Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 100 millionar kroner til forskingsprosjekt mellom tsjekkiske og norske forskarar og bedrifter.

Illustrasjonsfoto: Morguefile

Forsking og innovasjon skal bidra til økonomisk vekst og nye jobbar i Europa. Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 100 millionar kroner til forskingsprosjekt mellom tsjekkiske og norske forskarar og bedrifter.

Det er mogleg å søke om støtte til prosjekt innanfor følgjande tema:

  • Samfunnsforsking og humanistisk forsking
  • Miljøvern
  • Helse

Både grunnforsking og anvendt forsking kan få støtte. Fleire detaljar finst i utlysingsteksten (sjå lenke nedanfor).

[Bli inspirert: Dette skal Noreg og Estland forske på saman]

Kven kan søke?
Forskarar og forskingsinstitusjonar i Noreg og Tsjekkia kan motta støtte til felles prosjekt, likeins prosjekt som involverer små og mellomstore verksemder i dei to landa.

Utlysinga er en del av det store forskingsprogrammet i Tsjekkia som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Ei av målsettingane er å styrke forskingssamarbeidet mellom Noreg og Tsjekkia, og det er obligatorisk med minst ein norsk og tsjekkisk partnar i kvart prosjekt.

[Nyttige råd: Guide til ein vellukka partnarskap]

Finn partnar
Noregs Forskingsråd er involvert i programmet frå norsk side og skal leggje til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet (sjå lenke nedanfor).

Gjennom EØS-midla er det sett av over ein milliard kroner til forskingssamarbeid mellom Noreg og Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Polen og Romania.

Frist
Utlysinga er ope til 3. februar 2014.

Les meir: