Utlysing: Reisestøtte til kulturutveksling med Litauen og Romania

EØS-midla

No er det igjen mogleg å søke om reisestøtte til Romania og Litauen for å førebu kultursamarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

No er det igjen mogleg å søke om reisestøtte til Romania og Litauen for å førebu kultursamarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

EØS-midla bidrar til auka kontakt og samarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Føremålet med reisestøtte er å gjere det mogleg for norske og rumenske eller latviske kulturaktørar å møte kvarandre, diskutere felles prosjektidear og samarbeide om søknader.

Kulturutvekslingsprogrammet i Litauen lyser ut støtte til prosjekt frå slutten av februar, medan kulturutvekslingsprogrammet med Romania har ei pågåande utlysing fram til april.

Det er med andre ord berre tida og vegen for å førebu gode partnarskap og søknader. For å få reisestøtte til å møte potensielle partnarar i Romania er fristen 14. februar, medan fristen for Litauen er 21. mars.

Fleire opplysningar om kven som kan søke og korleis ein søker, finn du på Kulturrådets nettsider: