Utlysing: Samarbeid med greske organisasjonar

EØS-midla

Den økonomiske krisa har råka det sivile samfunnet i Hellas hardt. Samstundes har krisa auka interessa for frivillig arbeid. Norske organisasjonar er inviterte til samarbeid for å bidra til å gjere den frivillige sektoren i Hellas sterkare.

Gatebilde frå Aten. Foto: Donald Webber

Den økonomiske krisa har råka det sivile samfunnet i Hellas hardt. Samstundes har krisa auka interessa for frivillig arbeid. Norske organisasjonar er inviterte til samarbeid for å bidra til å gjere den frivillige sektoren i Hellas sterkare.

Utlysinga skjer gjennom NGO-programmet i Hellas som Noreg finansierer med EØS-midla. I første omgang er det utlyst støtte til å etablere kontakt med potensielle partnarar i Hellas og førebu felles prosjekt. Seinare (januar) vert det utlyst støtte til gjennomføring av prosjekta.

Kva kan eg få støtte til?
Førebuing av prosjekt må skje innanfor desse to tema:

  • Velferdstenester for utsette grupper i det greske samfunnet
  • Styrking av det sivile samfunnets rolle som ombodsmenn og talerøyr for svake grupper i det greske samfunnet

Kven kan søke?
Både norske og greske organisasjonar/einingar kan søke om støtte. Støtte gis mellom anna til studiereiser, møter, mv. Søknad skal sendast elektronisk via nettsida til operatøren av programmet (sjå lenke lengre ned i teksten).

Det er også mogleg å melde seg på eit partnarsøkseminar i Hellas der norske og greske organisasjonar kan presentere seg for kvarandre. Kontakt Helsingforskomiteen for meir informasjon om tidspunkt (sjå kontaktdetaljar lengre ned i saka).

Frist
Søknader vert handsama fortløpande, og du skal få svar innan fem dagar etter at søknaden er sendt. Søknadar som vert sendt inn etter 28. februar 2014 kjem ikkje til å bli handsama.

Les meir