Utlysing: Samarbeid med kroatiske NGO-ar

EØS-midlane

Norske organisasjonar er inviterte til samarbeid for å fremje demokratiske verdiar og menneskerettar i Kroatia. Fristen for å søke er 20. mars.

Foto: Adam Rostkowski Foto: Adam Rostkowski

Utlysinga skjer gjennom eit eige NGO-program i Kroatia som Noreg finansierer gjennom EØS-midlane.

I overkant av av 5 millionar kroner skal delast ut til prosjekt som anten bidreg til å

  • gjere kroatiske NGO-ar betre i stand til å fylle rolla som vaktbikkjer i samfunnet
  • fremje demokratiske verdiar og menneskerettar i Kroatia
  • fremje sosial inkludering

Eitt av føremålet med EØS-midlane er å styrke samarbeidet og kontakten mellom Noreg og mottakarlanda. Det er difor lagt til rette for og oppmuntra til at norske organisasjonar deltar i gjennomføringa av prosjekt.

Medan den kroatiske partnararen må vere ein NGO (frivillig organisasjon), er det ikkje slike avgrensningar for norske partnarar. Sjå utlysingsteksten for fleire detaljar.

Helsingforskomiteen kan svare på ytterlegare spørsmål og hjelpe til med å finne potensialle partnarar i Kroatia.

Frist
20. mars 2015.

Les meir