Utlysing: Stipend for å studere i Polen

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

EØS-midlane

Har du lyst til å studere i Polen neste skuleår? Norske studentar kan no få stipend gjennom EØS-midlane til å ta delar av utdanninga i Polen.

Studenter ved universitetet i Krakow, Polen. Foto: Christophe Vander Eecken Foto: Christophe Vander Eecken

Noreg og Polen ønsker å styrke samarbeidet innan utdanning. Gjennom EØS-midlane finansierer Noreg eit utdanningsprogram som legg til rette for dette.

Det er mellom anna mogleg for norske studentar og vitskaplege tilsette å få støtte til studie- og undervisnings/praksisopphald ved polske utdanningsinstitusjonar.

Støtta er lyst ut nå med søknadsfrist 2. april 2015.

For studentar vert det gitt stipend for studieopphald på mellom 3 og 12 månader. Språkkurs kan inngå som ein del av opphaldet. Stipendet utgjer 600 euro per månad. I tillegg får ein 500 euro som ein eingongsutbetaling for å dekke reise og forsikringar.

Vitskaplige tilsette får stipend på 1250 euro per månad.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) er norsk partnar i gjennomføringa av utdanningsprogrammet i Polen, og kan hjelpe til med å svare på spørsmål. Se kontaktinformasjon nedanfor.

Meir informasjon