Utlysing: Stipend til å studere i Polen

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut stipend for utveksling av studentar og administrativt tilsette mellom norske og polske høgare utdanningsinstitusjonar.

Ønskjer du å få støtte til å ta delar av utdanninga i Polen? Gjennom EØS-midla er det no lyst ut stipend for utveksling av studentar og administrativt tilsette mellom norske og polske høgare utdanningsinstitusjonar.

Utlysinga er på rundt 8 millionar kroner i denne runda, og fristen for å søke er 30. april.

Det er mogleg å få støtte til kortare og lengre studieopphald eller utveksling av lærarkrefter eller administrativt tilsette.

Det er ein føresetnad for å få stipend at det er inngått samarbeidsavtale mellom den norske og polske utdanningsinstitusjonen som ønskjer å delta i utvekslingsprogrammet. Institusjonane må også ha eit såkalla Erasmus University Charter.

Sjå lenke lengre ned på sida for fleire detaljer om programmet og korleis ein kan søke.

Føremålet med stipendprogrammet som er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla, er mellom anna å styrke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Polen. Det kjem fleire utlysingar om utdanningssamarbeid og utvekslingsprogram med Polen og andre mottakarland seinare.

Les meir: