Utlysing: Støtte til forsking på CO2-handsaming

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 10,5 millionar kroner til forsking på karbonfangst og -lagring i samarbeid mellom polske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 15. november.

Illustrasjon: Mongstad. Foto: OED

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 10,5 millionar euro til forsking på karbonfangst og -lagring i samarbeid mellom polske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 15. november.

Det er mogleg å søke om støtte til mellom anna:

  • Pilotprosjekt for lagring av CO2
  • Nye innovative løysingar for CO2-fangst
  • Miljøeffektar av CO2-handsaming
  • Opplysningskampanjar for å auke kunnskapen om CO2-handsaming

Utlysinga er en del av det store forskingsprogrammet i Polen som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Ei av målsettingane er å styrke forskingssamarbeidet mellom Noreg og Polen, og det er obligatorisk med minst ein norsk partnar i kvart prosjekt.

Noregs Forskingsråd er involvert i programmet frå norsk side og skal leggje til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet (sjå lenke nedanfor).

Gjennom EØS-midla er det sett av over ein milliard kroner til forskingssamarbeid mellom Noreg og Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Polen og Romania.

Les meir:

Guide til ein vellukka partnaskap