Utlysing: Støtte til miljøteknologi

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midla

Spania og Noreg ønskjer å samarbeide om å utvikle ny miljø- og klimateknologi. No er det mogleg å søke om støtte til slike samarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

Foto: Rune Molnes/Innnovasjon Norge

Spania og Noreg ønskjer å samarbeide om å utvikle ny miljø- og klimateknologi. No er det mogleg å søke om støtte til slike samarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

Om lag 250 millionar kroner er tilgjengelege for forsking og utvikling innanfor fornybar energi, energieffektivisering og miljøvennleg teknologi.

Rundt 50 millionar kroner av denne støtta er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla. Denne støtta gis som tilskot. Resten består av lån frå det spanske senteret for teknologisk og industriell utvikling (CDTI). Det gjer det mogleg å finansiere større prosjekter.

For fleire detaljar og kontaktinformasjon, bruk lenkene lengre ned på sida.

Det er ei målsetting at EØS-midla skal bidra til å styrke samarbeidet mellom Noreg og Spania. Prosjekt med norske partnarar vil derfor bli prioritert i evalueringsprosessen.

     Les meir: Finansiering gjennom samarbeid

Innovasjon Norge samarbeider med CDTI om gjennomføringa av programmet og er med å avgjere kva for prosjekt som skal få støtte.

Søknadsfrist: 10. april 2014.

Les meir: