Utlysing: Tiltak for å styrke samarbeidet med Portugal

Bilaterale fond er ei nyvinning under EØS-midla for å bidra til å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Fondet i Portugal tek no i mot søknader.

Fondet kan støtte aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar, ekspertbesøk, informasjonstiltak, utvekslingar med meir som har som føremål å styrke samarbeidet mellom Noreg og Portugal.

Bilaterale fond er ei meir fleksibel form for støtte til samarbeid over landegrensene, og krev ikkje at deltakarane er involvert i andre prosjekt og program under EØS-midla.

Fondet er på 210.000 euro og er delt i tre prioriterte område for samarbeid:

  1. Samarbeid innanfor politisk prioriterte område: menneskerettar, toleranse, likestilling, fleirkulturell forståing mm.
  2. Tiltak knytt til sosial utestenging i storbyar, inkludert handtering av arbeidsledige ungdom
  3. Ekspertbesøk og deltaking på konferansar innanfor sektorar støtta gjennom EØS-midla

Både norske og portugisiske aktørar kan søke om støtte. I sjølve utlysinga er det lista opp kva for utgifter som kan bli dekt gjennom fondet.

Søknadsfrist er 24. juni.

Ta kontakt med den norske ambassaden i Lisboa om du har ytterlegare spørsmål om det bilaterale fondet og handsaminga av søknader.

Nyttige lenker: