Utlysing: Tiltak for å styrke samarbeidet med Bulgaria

EØS-midla

Har du eller organisasjonen din erfaring frå å kjempe mot narkotika blant unge? Eller om korleis historieundervisning best kan nyttast for å fremje fleirkulturell forståing?

Har du eller organisasjonen din erfaring frå å kjempe mot narkotika blant unge? Eller om korleis historieundervisning best kan nyttast for å fremje fleirkulturell forståing?

Dette er blant dei tema som kan få støtte frå det bilaterale fondet i Bulgaria. Bilaterale fond er ei nyvinning under EØS-midla og skal bidra til å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda.

Fondet for Bulgaria tek no i mot søknader. To tema er prioritert:

  • Utveksling av kunnskap og erfaring frå kampen mot narkotika og organisert kriminalitet blant barn og unge
  • Fremjing av europeiske verdiar med særleg vekt på historieundervisning i fleirkulturelle samfunn

Fondet kan støtte aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar, ekspertbesøk, informasjonstiltak, utvekslingar med meir innanfor desse tema og som har som føremål å styrke kontakten mellom Noreg og Bulgaria. Søknadene må derfor ha minst ein norsk og ein bulgarsk partnar.

Bilaterale fond er ei meir fleksibel form for støtte til samarbeid over landegrensene, og krev ikkje at deltakarane er involvert i andre prosjekt og program under EØS-midla.

Rullerande tidsfrist
Utlysinga er på til saman 220 000 euro. Det er ikkje krav om eigenandel.

Det er ein såkalla rullerande tidsfrist fram til 15. desember 2014. Søknader vert handsama kvart kvartal og støtte fordelt etter først-til-mølla-prinsippet så sant prosjekta/aktivitetane kvalifiserer for støtte.

For meir informasjon: