Utlysing: Tiltak for å styrke samarbeidet med Romania

EØS-midla

Noreg og Romania ønskjer å styrke kontakten og samarbeidet innanfor ei rad ulike område: Romfolk, menneskerettar, barn og unge mm. Eit eige fond tek no i mot søknader frå norske aktørar som vil delta i samarbeid.

Noreg og Romania ønskjer å styrke kontakten og samarbeidet innanfor ei rad ulike område: Romfolk, mennesekrettar, barn og unge mm. Eit eige fond tek no i mot søknader frå norske aktørar som vil delta i samarbeid.

Om lag 2 millionar kroner er tilgjengelege for dei beste prosjekta/aktivitetane frå det bilaterale fondet. Bilaterale fond er ei nyvinning under EØS-midla og skal bidra til å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda.

Fondet for Romania tek no i mot søknader innanfor følgjande tema:

  • Menneskerettar og godt styresett, inkludert situasjonen for romfolk
  • Barn og unge i faresonen
  • Justis- og Schengen-samarbeid

Fondet kan støtte aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar, ekspertbesøk, informasjonstiltak, rapportar, utvekslingar med meir innanfor desse tema og som har som føremål å styrke kontakten mellom Noreg og Romania. Norske aktørar kan stå som avsendar av søknadene. Ver merksam på at det er utvikle standardiserte søknadskjema (nytt lenka lengre ned på sida).

Bilaterale fond er ei meir fleksibel form for støtte til samarbeid over landegrensene, og krev ikkje at deltakarane er involvert i andre prosjekt og program under EØS-midla.

Rullerande tidsfrist
Utlysinga er på til saman 250 000 euro i første runde. Det er ikkje krav om eigenandel. Prosjekt eller aktivitetar må gjennomførast innan 30. april 2014.

Det er ein såkalla rullerande behandling av søknader. Støtte vert fordelt etter først-til-mølla-prinsippet så sant prosjekta/aktivitetane kvalifiserer for støtte.

For meir informasjon: