Utlysing: Tiltak for å styrke samarbeidet med Tsjekkia

EØS-midla

Bilaterale fond er ei nyvinning under EØS-midla for å bidra til å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Tsjekkia er første land med ei open utlysning.

(Den norske ambassaden i Praha)

Bilaterale fond er ei nyvinning under EØS-midla for å bidra til å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Tsjekkia er første land med ei open utlysning.

Fondet er på 150 000 euro, og det er mogleg å få inntil 15 000 euro i støtte per søknad.  Fondet kan støtte aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar, ekspertbesøk, utvekslingar med meir som har som føremål å styrke samarbeidet mellom Noreg og Tsjekkia.

Fondet vil støtte prosjekt som er innanfor dei prioriterte sektorane for EØS-midla (sjå lenke nedanfor for oversikt over desse).

Både norske og tsjekkiske aktørar kan søke om støtte. I sjølve utlysinga er det lista opp kva for utgifter som kan bli dekt gjennom fondet. Søknader vert handsame fortløpande.

Bilaterale fond er ei meir fleksibel form for støtte til samarbeid over landegrensene, og krev ikkje at deltakarane er involvert i andre prosjekt og programmer under EØS-midla.

Ta kontakt med den norske ambassaden i Praha om du har ytterlegare spørsmål om det bilaterale fondet og handsaminga av søknader.

Les meir: