Utlysing: Utvikling av skuleprosjekt med Polen

EØS-midla

Norske grunnskular, vidaregåande skular samt universitet og høgskular kan nå søke om støtte til å utvikle prosjekt i samarbeid med polske partnarar.

Norske grunnskular, vidaregåande skular samt universitet og høgskular kan nå søke om støtte til å utvikle prosjekt i samarbeid med polske partnarar.

Dette er første utlysing under det polske stipendprogrammet som er finansiert gjennom EØS-midla.

I første omgang er det mogleg å søke støtte for reiser/besøk for å etablere eller vidareutvikle kontakt og samarbeid med tanke på å utvikle prosjekt og prosjektsøknader. Det er venta at prosjektstøtte vert lyst ut i løpet av vinteren og våren.

Norske utdanningsinstitusjonar kan søke om støtte direkte, men må identifisere ein partnar i Polen. Sjå lenke lengre ned på sida for korleis ein kan søke etter partnarar og registrere prosjekt.

Stipendprogrammet har som eit av føremåla å styrke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Polen.

Frist for å søke reisestøtte er 7. mars.

Les meir: