Utlysing: Vurderer du å investere i Latvia?

Driver du med fornybar energi eller produksjon av «grøne» produkt? Innovasjon Noreg hjelper deg å finne partnar i Latvia og gir råd om korleis de kan søke om støtte frå EØS-midla.

Foto: Innovasjon Norge

Driver du med fornybar energi eller produksjon av «grøne» produkt? Innovasjon Noreg hjelper deg å finne partnar i Latvia og gir råd om korleis de kan søke om støtte frå EØS-midla.

Gjennom EØS-midla finansierer Noreg prosjektsamarbeid mellom latvisk og norsk næringsliv. Om lag 65 millionar kroner er no utlyst til slikt samarbeid.

I Latvia satsar vi på nye selskap og verksemder som bidrar til

  • produksjon av fornybar energi
  • produksjon av grøne, energieffektive produkt og materialar innanfor byggebransjen
  • rein transport
  • forvalting av vassressursar
  • handtering av avfall
  • eco-design og produktforbetringar

Målgruppe
Små, mellomstore og større innovative bedrifter, klynger og frivillige institusjonar registrert i Noreg. EØS-midla skal bidra til å styrke kontakt og samarbeid mellom Noreg og Latvia, og prosjekt med norsk deltaking kjem derfor til å bli prioritert.

Det gis støtte på inntil 700 000 euro per prosjekt. Programmet er underlagd regelverket om statsstønad.

Frist for å søke er 20. mars 2014.

Finn partnar
Innovasjon Noreg deltek i gjennomføringa av denne støtteordninga, og kan hjelpe norske interessentar med å komme i kontakt med potensielle partnarar i Latvia.

Sju av landa som mottek støtte frå Noreg gjennom EØS-midla, har grøn innovasjonsprogram. Det kjem fleire utlysingar seinare i år.

Les meir/kontaktpersonar: