Utlysing: Vurderer verksemda di å investere i Romania?

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 160 millionar kroner til grøn næringsutvikling i Romania. Norske verksemder er ønska som samarbeidspartnarar.

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 160 millionar kroner til grøn næringsutvikling i Romania. Norske verksemder er ønska som samarbeidspartnarar.

Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg. Føremålet er å styrke konkurranse- og innovasjonsevna til “grøne verksemder” i Romania i samarbeid med norske partnarar.

Det skal skje gjennom prosjekt som både er bra for miljøet og bra for business innafor miljøteknologi, utvikling av meir miljøvenlege produkt og tenester, betre produksjonsprosessar og kompetansebygging.

I samband med utlysinga er det mogleg både å søke om prosjektstøtte, men òg reisestøtte og støtte til å utvikle prosjektsøknader. For full oversikt over utlysinga og fristar, sjå lenker lengre ned på sida.

Kven kan delta?
Potensielle norske partnarar kan vere private verksemder, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar eller norske offentlege verksemder/institusjonar. EØS-midla skal bidra til å styrke kontakt og samarbeid mellom Noreg og Romania, og prosjekt med norsk deltaking kjem derfor til å bli prioritert.

Programmet er underlagd regelverket om statsstønad. Støtte til enkeltprosjekt kan derfor normalt vere maks 50 prosent. Resten må komme frå dei som deltek i prosjektet.

Finn partnar
Innovasjon Noreg som programoperatør, kan hjelpe norske interessentar med å komme i kontakt med potensielle partnarar i Romania.

Sju av landa som mottek støtte frå Noreg gjennom EØS-midla, har grøn innovasjonsprogram. Det kjem fleire utlysingar seinare i år.

Les meir/kontaktpersonar: