Utlysing: Stipend for å studere i Polen

EØS-midla

Har du lyst til å studere i Polen? Norske studentar kan no søke om utdanningsstipend gjennom EØS-midla.

Har du lyst til å studere i Polen? Norske studentar kan no søke om utdanningsstipend gjennom EØS-midla.

Norge og Polen ønsker å styrke samarbeidet innan utdanning. Gjennom EØS-midla finansierer Noreg eit utdanningsprogram som legg til rette for dette.

Det er mellom anna mogleg for norske studentar og vitskaplege tilsette å få støtte til studie- og undervisnings/praksisopphald ved polske utdanningsinstitusjonar. Støtta er lyst ut nå med søknadsfrist 2. april 2014.

For studentar vert det gitt stipend for studieopphald på mellom tre og tolv månader. Språkkurs kan inngå som ein del av opphaldet. Stipendet utgjer 600 euro per månad. I tillegg får ein 500 euro som ein eingongsutbetaling for å dekke reise og forsikringar.

Vitskaplige tilsette får stipend på 1250 euro per månad.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) er norsk partnar i gjennomføringa av utdanningsprogrammet i Polen, og kan hjelpe til med å svare på spørsmål. Se kontaktinformasjon nedanfor.

Meir informasjon

Det pågår liknande utlysingar av stipend for norske studentar og vitskapelege tilsette som ønsker utveksling med Bulgaria, Estland, Slovenia og Spania.