Utlysingar: Støtte til NGO-samarbeid i Europa

EØS-midla

Frivillige organisasjonar i Tsjekkia, Litauen, Slovakia, Hellas, Ungarn og Romania er på utkikk etter norske partnarar. Utlysing av støtte til slikt samarbeid føregår no.

Foto: Den norske ambassaden i Warszawa

Frivillige organisasjonar i Tsjekkia, Litauen, Slovakia, Hellas, Ungarn og Romania er på utkikk etter norske partnarar. Utlysing av støtte til slikt samarbeid føregår no.

Støtta er gjort tilgjengeleg av Noreg gjennom EØS-midla og skal bidra til å styrke det sivile samfunn i mottakarlanda og fremme grunnleggande europeiske verdiar.

Det er oppmuntra til samarbeid med norske partnarar, til dømes norske frivillige organisasjonar, kommunar, forskingsinstitusjonar, private verksemder. Norske partnarar kan få dekka utgiftene til slikt samarbeid.

For å gjere det enklare å finne potensielle partnarar er det oppretta ei eiga nettside kor norske interessentar kan registrere seg og legge inn informasjon om organisasjonen dei representerer. Helsingforskomiteen hjelper også til med å legge til rette for samarbeid. Sjå kontantdetaljar på botnen av saka.

Det er ulike program for kvart land og spreiing i kva type prosjekt som kan få støtte. Fristane for å søke varierer òg. Sjå detaljar nedanfor.


Tsjekkia
EØS-midla støttar prosjekt og aktivitetar innanfor:

  • Beskyttelse av menneskerettar og kulturelt mangfald
  • Likestilling
  • Styrking av det sivile samfunn
  • Utsette barn og unge
  • Sosial inkludering
  • Miljø og klima

     Last ned: Utlysingsteksten for NGO-programmet i Tsjekkia

Søknadsfrist: 24. mars 2014.


Litauen
EØS-midla støttar prosjekt og aktivitetar innanfor:

  • Demokrati og godt styresett
  • Menneskerettar
  • Sårbare grupper, inkludert velferdstenester for utsette barn og unge, voldsofre, ofre for menneskehandel
  • Miljø og klima

     Last ned: Utlysingsteksten for NGO-programmet i Litauen

Søknadsfristen for små prosjekt er 31. mars 2014. Søknadsfristen for større prosjekt er 7. mars.


Slovakia
EØS-midla støttar prosjekt og aktivitetar innanfor:

  • Demokrati, godt styresett og openheit
  • Menneskerettar
  • Likestilling og kjønnsbasert vold
  • Anti-diskriminering, motarbeiding av rasisme og framandfrykt

     Last ned: Utlysingsteksten for NGO-programmet i Slovakia

Det er ei rad ulike fristar, mellom anna eigne fristar for å søke om støtte til å utvikle samarbeidsprosjekt. Sjå utlysingsteksten for detaljar.


Hellas
EØS-midla støttar prosjekt og aktivitetar innanfor:

  • Velferdstenester til utsette grupper i det greske samfunnet
  • Kapasitet- og kompetansebygging i frivillige organisasjonar

     Last ned: Utlysingstekstane for NGO-programmet i Hellas

Frist for å søke er 24. mars.


Andre utlysingar

I tillegg føregår utlysningar til frivillige organisasjonar i Romania og Ungarn med frist 20. og 27. februar. 

     Last ned: Utlysingstekst for NGO-programmet i Romania
     Last ned: Utlysingstekst for NGO-programmet i Ungarn


Meir informasjon: