Utsetting av tilbodsfrist i konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg

Samferdselsdepartementet har utsatt fristen for levering av tilbod i konkurransen om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg frå 1. april 2017.

Fristen var opphavleg 8. august 2016, men av ulike årsakar er denne no utsett til 22. august 2016. Blant anna blei departementet etter utlysninga gjort oppmerksam på feil i dei rettleiande trafikkopplysningane som departementet har mottatt, samt at det har kome inn fleire spørsmål frå interesserte tilbydarar som det har teke tid å svare ut.

 

 For fleire opplysningar – sjå: