Historisk arkiv

Utval for klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Det er i statsråd i dag utnemnd eit utval som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet. Øystein Mæland leier utvalet.

Øystein MælandDet er i statsråd i dag utnemnd eit utval som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet. Øystein Mæland leier utvalet.

– Den klagesaksmodellen vi har i dag har vore verksam i rundt åtte år. Derfor er det naturleg å vurdere om dagens modell er den mest formålstenlege når det gjeld å finne det rette balansepunktet mellom behovet for politisk styring, rettstryggleik, effektivitet og legitimitet. Regjeringa ønskjer derfor ein brei gjennomgang og vurdering av korleis klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet kan organiserast best mogeleg, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Divisjonsdirektør Øystein Meland ved Ullevål sjukehus er vald av regjeringa til å leie utvalet som skal ha sluttført arbeidet sitt innan 1. desember 2010.

 

Medlemene i utvalet:

  • Øystein Mæland, divisjonsdirektør, Oslo
  • Tom Christensen, professor, Oslo
  • Fauzia Mohamed Hashi, mangfaldskonsulent og nestleiar, Vegårdshei
  • Siv Torunn Skagestad, fylkesnemndleder, Søgne
  • Ørnulf Røhnebæk, lagdommar, Hamar
  • Steinulf Tungesvik, advokat, Bergen
  • Kristin Ørmen Johnsen, rektor, Drammen

Mandatet til utvalet