Utval legg fram utreiing om den norske modellen og arbeidslivet i framtida

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen tok 23. juni imot utreiinga frå eit utval som har vurdert om dagens reglar i arbeidsmiljølova strekk til i møte med endringar som kan prege arbeidslivet i framtida.

Tilknytingsformer i framtida

Utvalet blei oppnemnd av regjeringa 23. august 2019. Føremålet var å vurdere utviklinga i bruken av ulike tilknytingsformer for utføring av arbeid, og om endringar i korleis næringslivet og verksemder blir organisert fører til behov for endringar av arbeidslivsreguleringane. Advokat Jan Fougner har vore leiar for utvalet, der alle hovudorganisasjonane i arbeidslivet har vore representert.

Sikrar rettar og vern for arbeidstakarar

Eit fleirtal i utvalet gjer framlegg om fleire lovendringar, mellom anna når det gjeld grensa mellom å vere arbeidstakar og oppdragstakar. Dei foreslår at det skal vere verneombod i alle verksemder, og at det må trekkjast ei tydelegare grense mellom innleige av arbeidskraft og bruken av entreprisekontraktar mellom verksemder. Fleirtalet vil også oppheve regelen om generelt høve til midlertidig tilsetjing i inntil eitt år. Eit mindretal i utvalet, representantane frå arbeidsgjevarorganisasjonane, støtter ikkje desse framlegga.

– Utvalet kjem med viktige vurderingar for å sikre at rettar og vern for arbeidstakarar blir utvikla i takt med endringar som skjer i arbeids- og næringslivet, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Utreiinga frå utvalet blir no sendt på høyring med frist 1. november.

– Departementet og eg vil no sjå nærare på innstillinga frå utvalet. Eg oppmodar alle partar til å bruke høyringsperioden til å setje seg inn i utreiinga og bidra til at vi kan få ein godt opplyst debatt om framlegga, seier statsråden.