Utval skal vurdere samvitsfridom i det norske arbeidslivet

Regjeringa set ned eit utval som skal vurdere den einskilde sin samvitsfridom ved utføring av arbeidsoppgåver. 

Bilete av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson og KrF-leiar Knut Arild Hareide.
Nedsetjing av utvalet har grunnlag i ein avtale som er inngått mellom regjeringa og Kristelig Folkeparti. Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (t.v.) og KrF-leiar Knut Arild Hareide. Foto: Mona Høvset/KrF.

Kongen i statsråd oppnemnde 13. mars eit offentleg utval som skal sjå på etiske, praktiske og rettslege forhold rundt tanke- og samvitsfridomen ved utføring av arbeidsoppgåver. Professor Bjørn Kåre Myskja skal leie utvalet, som er sett saman av personar med kompetanse innan etikk, jus og menneskerettar. 

–Eit viktig formål med utvalet er at dei skal bidra til å sjå nærare på potensielt vanskelege etiske problemstillinger i arbeidslivet og gi praktisk hjelp for verksemder, arbeidstakarar og tillitsvalde, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson. 

Utgangspunktet for arbeidet i utvalet er den konflikten som kan oppstå mellom den einskilde sitt samvit og dei oppgåver som ein kan bli pålagt som arbeidstakar. Utvalet skal greie ut etiske og praktiske forhold rundt tanke- og samvitsfridomen i arbeidslivet generelt. Dei skal legge fram ein brei analyse av den plass samvitsfridomen har, og skal ha, i norsk arbeidsliv. 

Utvalet skal utgreie norsk og internasjonal rett på området, og vurdere om og i kva grad arbeidstakarar kan gjere gjeldande samvitsfridom ved utøving av arbeidsoppgåver.

Utgreiinga skal leggjast fram innan 1. september 2016.

Mandat

Les utvalets mandat her

Samansetting av utvalet

Bjørn Kåre Myskja, professor ved NTNU (leiar)

Tine Eidsvaag, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen

Morten Magelssen, lege og forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo

Ingvill Thorson Plesner, seniorrådgjevar ved Norsk senter for menneskerettigheter, Universitetet i Oslo

Einar Øverenget, filosof, førsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark og leiar av ACTIVA Humanistisk Akademi