Historisk arkiv

Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Fjellgardane i Sunndal i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Landskapet ved Grøvuvassdraget er dramatisk, med stupbratte lier, fossar, djupe juv og elvegjel. Fjellgardane har innmark opp til 800 meter over havet, og dei fem aktive bruka driv med sau, geit og storfe. Her er kalkrike og særs artsrike seterdalar med slåttemarker, naturbeitemarker og beiteskog. Fangstgraver, gamle hustufter og gravrøyser vitnar om bruk av området sidan steinalderen. Gardane og setrene har gamle, velhaldne bygningar av høg verdi. Delar av området er Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde som grenser til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Fjellgardane i Sunndal.
Fjellgardane i Sunndal. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

–  I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg. Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. Det er fjellgardane i Sunndal eit framifrå eksempel på, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Grøvudalen i Sunndalsfjella har vore brukt til setring gjennom mange hundre år, og det har sett sitt preg på dette vakre dalføret. I dag er berre Inner Gammelsetra i aktiv drift. Grunnen til at det framleis er seterdrift i Grøvudalen er ganske spesiell. På 70-talet ønskte kraftutbyggjarar å leggje heile dalen under vatn, og mange engasjerte seg for å hindre at dette skulle skje. Ein del av motstanden bestod i å halde fram med seterdrifta. I 1972 blei det første seterkurset arrangert på Heimer Gammelsetra. Truleg var dette det første seterkurset i Norge. I 1996 blei drifta flytta til Inner Gammelsetra, som da ikkje hadde vore i drift sidan 30-talet. På Inner Gammelsetra er husa sett i stand og "nygamle" hus er bygd. Setra er ei fullforedlingsseter med produksjon frå ku. Mjølka blir nytta til tradisjonelle produkt som ost, rømme, smør, rømmegraut og vaflar. Drifta med beiting i området kring setra er svært viktig for å oppretthalde kulturlandskapet i Grøvudalen.

–  Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Open seter

Det blir arrangert seterkurs kvar sommar. Setra er også open for besøkjande på vandring i fjellet. Sidan 2006 har «Stiftelsen Gammelsetra» hatt det formelle ansvaret for drifta, med eldsjelene Tor og Astrid Gravem i spissen. I 2020 fekk dei «Seterprisen 2020» frå Norsk seterkultur. I juryens grunngjeving var det mellom anna lagt vekt på arbeidet med kunnskapsformidling og kurs for unge. I 2020 blei det gitt tilskot til utbetring og istandsetting av kjøkkenfasilitetane i det gamle steinfjøset på setra, samt tetting av bygget. Steinfjøset er det opphavlege fjøset på setra, men det har fått ny bruk. Føremålet med tiltaka  er å betre tilhøva for servering. Det tilfører drifta avgjerande inntekt. I tillegg er det gjennomført tetting av resten av fjøset for å unngå at det kjem inn snø og vatn. Ved gjennomføring av tiltaket vart det nytta trematerialar og ein byggestil som i minst mogleg grad skil seg ut frå det som er tradisjonelt og det som er i anlegget elles.

Gammelsetra Grøvudalen i Sunndalen.
Gammelsetra Grøvudalen i Sunndalen. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Målretta skjøtsel

Det er skjedd mykje i Sunndal sidan området ble eit utvald kulturlandskap i jordbruket i 2009. Mellom anna har over 30 bygningar blitt satt i stand, der mange er tilnærma totalrestaurert. Videre er det drive målretta skjøtsel av slåttemarker, naturbeitemarker, jordbruksareal og beiteareal i utmark. Denne skjøtselen er med på oppretthalde verdiar knytt til både landskap, kulturminne og artsmangfald. Interessa for ordninga er veldig stor blant drivarar og grunneigarar. Dei framheve at statusen Utvalde kulturlandskap og midlane som følgjer med, har vore av avgjerande betydning for å drive videre og for å få gjennomført tiltak. To av drivarane har også fått kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal, for sitt arbeid med å ta vare på kulturlandsskapsverdiane i området. Dette er Pål Svisdal (2010) og Anne Grete Røymo og Roy Andersen (2014). Landbrukskontoret i Sunndal kommune har stor lokalkunnskap om området og har eit godt samarbeid med drivarar og grunneigarar.​

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.