Historisk arkiv

Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Jomfruland og Stråholmen i Vestfold og Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Dei eldste spor etter menneske er om lag 4 000 år gamle. Fast busetting basert på sjøfart, losverksemd, fiske og jordbruk kom seinare. Særprega kulturminne er klyngetunet på Stråholmen, gardstuna på Jomfruland og fyra, samt tangplassar, vegsystem og steingardar. Her er artsrik skogbeitemark og strandenger.

Jordbruket på Jomfruland har gått frå sjølvberging via spesialisering og eksport av grønsaker og tanggjødsel til mekanisering med meir einsretta produksjon av mjølk og kjøtt. På Stråholmen er attgrodde areal rydda og tatt i bruk som beitemark for villsau. Årlege dugnadar med hyttefolket på øya gjev resultat og godt samhald. Ungdommen bidreg i skjøtselarbeidet og lærer seg handtering av verktøy og maskinar og er inne i sin 7. sesong. På Jomfruland er det tre gardsbruk som driv dyrehald, ein med mjølkekyr.

Klyngetun på Stråholmen.
Klyngetun på Stråholmen. Foto: Torstein Kiil

Sidan 2009 har det skjedd mykje på Jomfruland og Stråholmen og UKL har vore eit svært positivt bidrag til aktiviteten på øyene. Ei lokal gruppe av eldsjeler og ressurspersonar har saman med forvaltinga gjort mange tiltak for å styrke dei særmerka verdiane. I 2016 vart Jomfruland nasjonalpark oppretta. Nasjonalparken og Utvalde kulturlandskap i jordbruket har mange samanfallande interesser og målsettingar. Likeså Gea Norvegica Geopark og Den Norske Turistforeininga med lokale representantar. Både forsking og undervisning nyttar øyene i sitt arbeid.

– I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg. Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. Det er arbeidet som vert lagt ned på Jomfruland og Stråholmen framifrå eksempel på, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Formidling og næringsutvikling

Det er mange aktørar på øyene som har samanfallande mål med UKL-satsinga, om å take vare på, utvikle og formidle verdiane. Samarbeid er derfor ei kjerne for mykje av innsatsen og ein suksessfaktor. Kunnskap og formidling er ei viktig oppgåve her. Mellom anna har UKL arrangert kulturlandskapsseminar annan kvart år sidan oppstart. Her har ein henta inn lokale og eksterne fagressursar.

Ungdommer på Stråholmen.
Ungdommen bidreg i skjøtselarbeidet og lærer seg handtering av verktøy og maskinar og er inne i sin 7. sesong. Foto: Torstein Kiil

Nytt av året er eit utkikkstårn på Jomfruland. Det er eit tiltak for å kanalisere ferdsel og auke kunnskapen om øya. Nasjonalparken har saman med ein rekke instansar, deriblant UKL realisert tårnet på nordenden av øya, Øitangen.

– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Ull frå villsau

Næringsutvikling og verdiskaping basert på ressursgrunnlaget har vore eit målretta arbeid over fleire år og ein ser fleire resultat. Eit samarbeid mellom to ulike UKL område er eit flott døme på det. Det heile starta med ynskje om å utvikle den lokale ulla frå villsauen på Stråholmen. Samarbeid med Telespinn AS i Hjartdal og Svartdal UKL område vart ein realitet i 2019. Etter mykje arbeid, innkjøp av ny karemaskin frå Canada og utprøving av kvalitetar, kunne ein denne våren hente dei fyrste buntane med villsaugarn i tre farger samt ryegarn tilbake til Stråholmen. I sumar vil ein teste marknaden for sal av dette, og kunne auke produksjonen med ull frå fleire øybeiter i Kragerøskjergarden neste år.

Villsau på Stråholmen.
Villsau på Stråholmen. Foto: Torstein Kiil

Gjennom hausten 2020 og 2021 har UKL arrangert ein designkonkurranse. Dette er ledd i målsettingar om auka formidling og næringsutvikling i UKL området, og ein viktig del av arbeidet med å utvikle Nasjonalparken med eit eige framtidig besøkssenter og berekraftige salsprodukt. Konkurransereglar, kriterium og premiering vart utforma av UKL, og ein jury satt ned. Det kom inn 23 forslag fordelt på 14 forslagsstillarar. Siste veka i april vart det kåring og premieutdeling på rådhuset i Kragerø. 1. premien gjekk til Helge Rønning Klausen med glasgjenstandar med motiv frå det marine miljøet. 2. premien gjekk til Vår Botner for hennar arbeid med å nytte pulverisert stillehavsøsters til framstilling av keramisk leire. «To tårn» er lysestakar og er framstilt som eksempel på produkt med bruk av denne ressursen. 3. premien var delt på to. Hilde Rambøl saman med Ann Kristin Svara Lund hadde utvikla strikkeoppskrifter med motiv frå Jomfrulandlandskapet, og Hæge C. Haareby hadde laga sitjeunderlag veva av lokal villsauull.

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.