Historisk arkiv

Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Leka i Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Skei ligg nordaust på Leka i Trøndelag med gardstun, innmark, naustområde, gamle torvmyrer og utmark i Skeisnesset. Bøndene på Skei har storfe og utegangarsau. Areala blir for det meste brukt til grasproduksjon og beite, men her er og litt korn og potet. Skeisnesset er i hovudsak kystlynghei, men her er og artsrike slåttenger, rik myrer, strandenger og naturbeitemark.  Her finn ein mange plantar og fuglar som er på raudlista. Nordvestre del av Skeisnesset er freda område for fugl.

– Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Eg vil rose grunneigaren, lokal forvaltning, friviljuge og næringsaktørar for den viktige jobben dei gjer for å ta vare på desse områda, og dei store kulturhistoriske og biologiske verdiane dei inneheld, for nåverande og framtidige generasjonar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Utsikt fra Olberget
Utsikt frå Olberget. Dei næraste bygningane ligg på ein Husby-gard. Grensen til det utvalde området går bak denne garden, og alle dei andre tuna høyrer til Skei og ligg innanfor området. Øvste Udatert, Nederste 2010. Foto: Øvste: Ukjent. Nederste: Oskar Puschmann, NIBIO

Frå storbonde til husmann

På Skei tronar Herlaugshaugen frå vikingtid, ein av Noregs største gravhaugar. I nærleiken er det og steinalderbuplassar og mange særprega gravrøyser. Leka utvalde kulturlandskap og Leka bygdemuseum, som og ligg på Skei, viser med bygningar, kulturminne og gardsstruktur ulike sosiale levekår frå storbonde til husmann.

Skeisnesset har i uminnelege tider vore felles beiteområde for bøndene på Skei. Her er det  utført skjøtselstiltak og tilrettelegging for friluftsliv. Skeisnesset kultursti, eit stort turvegnett med tilrettelagt informasjon, formidlar også Lekas geologi og Trollfjell UNESCO Global Geopark. Området er ettertrakta for rekreasjon og reiseliv. Frå Ivarshallaren amfi får ein på godversdagar flott utsyn over heile området og kystleia. Er det ruskever kan ein nyte dette i Amfiet som er «signalbygget» på Ivarshallaren.

Ved parkeringsplassen i Våttvika er det sett opp eit servicebygg med universelt utforma toalett og eit lite skjul.  Både Ivarshallaren og området ved parkeringsplassen er har status som statleg sikra friluftsområde.

I løpet av 10 år er det halde kurs i steingjerdebygging ved Nordheimplassen.
I løpet av 10 år er det halde kurs i steingjerdebygging ved Nordheimplassen. Foto: Øvste: Arnfinn Holand, Nederste: Oskar Puschmann, NIBIO

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.

Lyngbrenning på Skjeinesset.
Lyngbrenning på Skjeinesset. Foto: Øvste: Arnfinn Holand, Nederste: Oskar Puschmann, NIBIO