Utvalde kulturlandskap i jordbruket – Nordherad i Innlandet

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Noreg. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Skålgroper og andre kulturminne fortel om busetting i Nordherad heilt tilbake til bronsealderen. Dei første spora av jordbruk er frå rundt år 200, då det mellom anna vart dyrka rug her. Rundt 30 jordbruksføretak held jordbruksarealet i grenda i hevd. Dei fleste har beitande dyr, og om lag 40 prosent av jordbruksarealet er beitemark. Store, lafta bygningar dominerer landskapsbiletet, og her er mange godt bevarte, mindre uthus. Nordherad har den tettaste samlinga av freda landbruksbygningar i landet, 38 hus fordelte på seks gardstun. Her finnest også gamle vatningssystem og andre kulturminne. Ovanfor grenda ligg to setergrender, men dei blir ikkje lenger drive på tradisjonelt vis. Tørt klima og kalkrik berggrunn gir ein artsrik «steppevegetasjon». Området har internasjonal verdi i biologisk samanheng, særleg knytt til beitemark som ikkje er gjødsla og sjeldne artar av lav. Totalt er om lag 70 raudlisteartar registrerte. Innanfor området ligg to naturreservat med kalkfuruskog og gamal kulturmark.

Parti av Nordherad.
Parti av Nordherad. Mork med Visdalsjordet i framgrunnen. Utsikt frå Øvre Nordheradsvegen. Øvste: 1998ca. Nederste: 2.8.2014. Foto: Øvste: Kjell Andersen. Nederste: Oskar Puschmann, NIBIO

–  Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I Nordherad finn ein jordbrukslandskap med store kulturhistoriske og biologiske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Området er og prega av ei stor og unik samling av freda landbruksbygningar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Eg vil rose grunneigaren, lokal forvaltning, friviljuge og næringsaktørar for den viktige jobben dei gjer for å ta vare på desse områda, og dei store kulturhistoriske og biologiske verdiane dei inneheld, for nåverande og framtidige generasjonar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Tradisjon for dugnad

Sidan Nordherad vart eit utvald kulturlandskap i 2009, har det blitt sett i stand meir enn 50 verneverdige bygningar av mange slag. Det har vore prioritert å ta vare på dei bygningstypane som er sjeldne og som ofte har liten nytteverdi, som smier og kvernhus. Bygningsmiljøa på dei ikkje-freda gardane vart kartlagde og bevaringsverdien vurdert då kommunen valde bygningsmiljøa i Nordherad som tema for kulturminneplanen sin. Grenda har ein sterk tradisjon for dugnad, og på den gamle rydningsplassen Flåten er bygningane i stor grad sett i stand av bygdefolk i fellesskap.

Det er og gjort ein stor arbeidsinnsats for å rydde verdifulle beiteareal. Sjølv om det er aktiv beitebruk i grenda, er attgroing eit problem. Det gir dårlegare beite og mindre utsikt, og sjeldne plante- og artar av lav som er knytt til open beitemark forsvinn. For å støtte opp om jordbruksdrift basert på beiting, er det og gitt tilskott til oppgradering og utbetring på elleve fjøs for ku, sau eller geit. Talet på både aktive bønder og beitedyr har halde seg på nesten same nivå sidan 2009, sjølv om mange buskapar med mjølkeku er bytt ut med ammeku. Dei seinare åra har ei rekke nye, yngre brukarar tatt over gardar, både ved generasjonsskifte og som tilflyttarar.

Nordherad
Nordherad er eit aktivt jordbruksområde i eit bratt, sørvendt og ope mosaikklandskap ved Vågåvatnet. Skålgroper og andre kulturminne fortel om busetting i bronsealderen. Dei fyrste spor av jordbruk er frå ca. 200 e. Kr. O. Foto: Ragnhild Hoel

Ulvegrava på Åbakken

Ein av attraksjonane det er spesielt verdt å få med seg i Nordherad, er ulvegrava på Åbakken. Til denne godt bevara, djupe og fint oppmura fangstgrava for ulv kjem ein ved å følgje «ulvestigen». Denne natur- og kulturstien går frå parkeringsplassen i grenda. Langs stigen får du og informasjon om ein av Europas viktigaste førekomstar av lav i beiteområda langs stigen. Ein passerer og spor etter ei vassveit som leia vatn frå fjellet til den dyrka marka i bygda. Heile Ottadalen er kjend for å vera blant dei mest nedbørfattige strøka i landet. Jordbruket var derfor avhengig av vatning frå desse veitene.

Grenda har hatt ei aktiv «stig-gruppe» i mange år, og dei har rydda, merka og skilta meir enn to mil med stigar. Stigane følgjer gamle geiler og råk, langs dyrka mark, over beitemark og i skog. På desse stigane får ein mange flotte utsyn og andre landskapsopplevingar og passerer fine bygningsmiljø, steinmurar og andre kulturminne. Det er laga til fleire enkle rasteplassar langs stigane.

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.