Historisk arkiv

Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Vest-Lista i Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Vest-Lista er eit av Noregs eldste jordbrukslandskap med spor etter menneske sin aktivitet i over 6000 år. Her er helleristningar og skålgroper frå bronsealderen, gravhaugar, samanbygde langhus og klyngetun, krigsminne, steingardar og rydningsrøyser. Aktiv landbruksdrift og driftige bønder held landskapet i god hevd. Den ytste sona inngår i Listastrendene landskapsvernområde. Her finnast eit stort artsmangfald med sjeldne og trua naturtypar og raudlisteartar, og eit særs rikt fugleliv. Kulturavhengig artsmangfald finnast særleg i naturbeitemarka på Penne og i kystlyngheia på Jølleheia. Eit nettverk av merkte turstiar og sykkelvegar, Lista museum på Nordberg Fort, Lista fyr og Besøkssenter Våtmark Lista legg til rette for gode opplevingar for dei besøkande.

Vest-Lista ligger ytterst mot havet og byr på et særegent og unikt landskap. Området er et av Norges eldste jordbrukslandskap med spor etter menneskers aktivitet i over 6000 år.
Vest-Lista ligger ytterst mot havet og byr på et særegent og unikt landskap. Området er et av Norges eldste jordbrukslandskap med spor etter menneskers aktivitet i over 6000 år. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

I 2019 var det ti år sidan Vest-Lista kom med blant dei 20 første utvalde områda i ordninga. Dette blei markert med ei opning av tursykkelruta Vita Velo. Den går gjennom heile det utvalde landskapet frå Lista fyr i sør til Varnes fyr i nord, samt 10-årsjubileet for Lista museum på Nordberg Fort. Det var arrangement som konsertar, helsingstalar, sykkeltur og aktivitetar for barn fleire stadar i det storslagne landskapet, og publikum blei invitert til å sykle mellom dei ulike arrangementa.

– På Vest-Lista finn vi jordbrukslandskap skapt av menneske i samspel med naturen gjennom mange generasjonar.  Å ta vare på desse kulturlandskapa krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. I 2021 er det med midlar frå miljø- og landbruksforvaltninga satt av til saman 38 millionar kroner for å ta vare på dei 46 utvalde kulturlandskapa vi har i Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Sidan 2009 har det skjedd mykje i Vest-Lista UKL

Det er restaurert om lag 3 km med steingjerde, eller steinhagar som dei kallar det på Lista, ved hjelp av UKL-tilskott. Steingjerda utgjer ein viktig del av kulturlandskapet på Vest-Lista, og dei har viktige funksjonar i jordbruksdrifta også i dag. Dei minste steingjerda markerer gjerne grensa mellom teigar på garden, og dei litt større er sett opp i eigedomsgrensa mellom grannar. Dei største steingjerda finn vi mellom gardane. Dei har og ein viktig funksjon som le for beitedyr i dette ope kystlandskapet. Kulturlandskapsprisen i Agder går i år til ein av grunneigarane i området, Reinert Kjølleberg, blant anna for arbeidet han har gjort med å setje i stand steingjerde gjennom mange år.

– Desse kulturlandskapa, med heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Desse verdiane er avhengige av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald for å haldast ved lag, og ordninga med utvalde kulturlandskap gjer bonden og grunneigarane draghjelp til å oppnå dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Kjølleberg og Jølle sett fra Håle. Legg merke til alle steingjerdene i landskapet.
Kjølleberg og Jølle sett fra Håle. Legg merke til alle steingjerdene i landskapet. År 2007 og 2015. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Nokre spesielle bygningar/bygningsmiljø har gjennom åra blitt satt i stand ved hjelp av UKL-tilskott. Det gjeld til dømes bryggjerhuset på Jølle, sjøbuer i Verevågen og ein flott potetkjellar på Senegre.

For nokre tiår sidan blei det planta mykje sitkagran på Lista. No ser ein på sitkagran som ein framand art som ein ikkje ynskjer å ha i dette landskapet Det er derfor høgt prioritert å gi tilskott til å hogge og fjerne siktaskog. Om lag 350 dekar av denne skogen er no fjerna, og areala er eller er i ferd med å bli ført attende til beitemark.

UKL Vest-Lista er eit vakkert område, og eit ynda område å ferdast i av syklistar og turgåarar heile året. Det har derfor vore viktig å kanalisere ferdselen dit ein ynskjer. Det er inngått om lag 50 tursti-avtaler i regi av UKL med grunneigarar langs Kyststien og andre stigar. Det er og satt opp bord og benkar langs stigane, og ferdselsåra er godt skilta.

Det er laga nokre publikasjonar som til dømes «På tur i Listalandskapet» og «Havner på Lista» og no kjem det ei publikasjon om kvernhus i UKL-området. Det blei også laga ei flott kulturlandskapsutstilling på Nordberg Fort til den nasjonale nettverkssamlinga i 2014.

Elles er det brukt ein del UKL-midlar til ulike jordbrukstiltak, som å setje i stand gamal kulturmark, til gjerding og til drenerings- og hydrotekniske tiltak. I samarbeid med Statsforvaltarens miljøvernavdeling er det også brukt midlar til skjøtselsplanar og til tilskot til årleg skjøtsel. Området har både kystlynghei og naturbeitemark som skjøttast på ein god måte.

Tore Mikalsen på Jølle viser fram resultatet av istandsetting av steingard og rydding av beitemark.
Tore Mikalsen på Jølle viser fram resultatet av istandsetting av steingard og rydding av beitemark. Tore Mikalsen og kona Astrid fikk Kulturlandskapsprisen for Vest-Agder i 2014. År 2007 og 2014. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Gjennom åra har ein drygd UKL-midlane ved at også andre har bidratt til gjennomføring av tiltak, som til dømes Riksantikvaren, Agder fylkeskommune og Statsforvaltarens miljøvernavdeling.

Sidan oppstarten i 2009 har Farsund kommune vore interessert og engasjert i UKL-arbeidet. Kommunen og den engasjerte arbeidsgruppa, der Lyngdal og Farsund Bondelag, grunneigarane, Lista museum, Agder Fylkeskommune og Statsforvaltaren i Agder er representert, utgjer eit godt fagleg lag til UKL-arbeidet på Vest-Lista.

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.