Utvalet for statlege stipend og garantiinntekter for kunstnarar 2014 - 2017

Kulturdepartementet har nemnt opp utvalet for statlege stipend og garantiinntekter for kunstnarar for perioden 2014-2017.

Kulturdepartementet har nemnt opp utvalet for statlege stipend og garantiinntekter for kunstnarar for perioden 2014-2017.

Utvalet skal mellom anna gje råd til departementet om kvotefordelinga av stipend mellom dei ulike kunstnargruppene, og tildele stipend etter innstilling frå sakkunnige stipendkomitear nemnt opp av kunstnarorganisasjonane

Stipendordningane legg til rette for at einskildkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. For 2014 er det løyvd i underkant av 272,5 millionar kroner til stipend og garantiinntekter til kunstnarar.

Utvalet skal ha denne samansetninga fram til 2017:

Leiar: Museumsdirektør Alfhild Skaardal

Vara: Advokat Ida Gjessing

Nestleiar: Jusprofessor Finn Arnesen

Vara: Jurist Stine Baumann

 

Utvalsmedlemmar:

Fylkeskultursjef Nina Badendyck

Vara: Advokat Helene Braanen

Skodespelar og instruktør Thea Stabell

Vara: Musikar og komponist Kjell Samkopf

Vara: Koreograf Karen Foss

Forfattar og biletkunstnar Ann Kavli

Vara: Filmskapar Erin Gjørv

Vara: Filmkomponist Bent Åserud