Historisk arkiv

Utvida bruk av leigefartøy ved forlis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår utvida bruk av leigefartøy ved havari/forlis i open gruppe.

Dagens ordning leigefartøy  er slik at den ikkje kan nyttast i open gruppe med mindre driftsgrunnlaget også omfattar fiske i lukka gruppe. Departementet har erfart at dette kan slå urimeleg ut for heiltidsfiskarar som berre kan delta i open gruppe og har derfor sendt på høyring forslag om å opne for at også desse kan få tillatelse til leigefartøy  ved havari/forlis. Samtidig er det viktig at ikkje legg til rette for misbruk og omgåing av ordninga.

Departementet foreslår derfor at det blir stilt vilkår om at eigar av fartyet står på blad B i fiskarmanntalet og har delteke med fartyet i open gruppe i det eller dei aktuelle fiskeria i minst to av dei tre siste avslutta kalenderår før for forliset eller havariet.

- Dette forslaget er ei anerkjenning av heiltidsfiskarane som berre deltek i open gruppe. Det er etter mi meining urimeleg at desse skal vere avskorne frå å nytte leigefartøy dersom dei uforskyldt blir utsett for forlis eller havari som medfører vesentleg driftsavbrot, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Høyringsfristen er 9. oktober 2017