Historisk arkiv

Utvida rett til foreldrepengar ved premature fødslar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne- og likestillingsdepartementet

Frå 1. juli i år vil foreldre med barn som er født seinast ved utgangen av svangerskapsveke 32 få ein foreldrepengeperiode som sluttar samstundes som den ville ha gjort ved fødsel på termin.

- Premature barn er ofte mindre robuste og meir sårbare enn barn som er fødd på termin. Når foreldrepengeperioden er over, treng barnet ofte meir tid med foreldra. Derfor er eg veldig glad for at vi no utvidar retten til foreldrepengar for desse foreldra. Dette vil ikkje omfatte alle premature barn, men det vil vere viktig for dei barna som vert fødd veldig mykje for tidleg, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Denne endringa inneber at perioden med foreldrepengar blir forlenga med like mange dagar som talet på dagar frå fødsel til opphavleg termindato.

Foreldra vil ikkje kunne få foreldrepengar før mor og barn er utskrivne frå sjukehuset. Dersom barnet må vere på sjukehuset, har foreldra rett på pleiepengar i denne perioden.

For dei barna som blir liggande på sjukehuset frå fødselen til etter termindato vil ikkje denne endringa innebere endringar: Foreldra vil som i dag først få foreldrepengar når barnet er skrive ut frå sjukehuset.

Den nye ordninga vil gjelde for foreldre med premature barn som er fødde frå og med 1. juli i år.