Historisk arkiv

Utvidar retten til barnehageplass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil utvide retten til barnehageplass. Barn som fyller eitt år i september eller oktober i 2014, skal få ein lovfesta rett til barnehageplass.

Regjeringa vil utvide retten til barnehageplass. Barn som fyller eitt år i september eller oktober i 2014, skal få ein lovfesta rett til barnehageplass.

– Barnehagereforma er det største løftet som er gjort i det norske velferdssamfunnet dei siste tiåra. No styrkjer vi retten til barnehageplass ytterlegare ved å gi barn som fyller eitt år i september eller oktober, lovfesta rett til plass. Regjeringa legg opp til kortare ventetid gjennom å gradvis innføre to opptak i året, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. 

Regjeringa sender eit lovforslag om dette ut på høyring i dag. Endringane vil tre i kraft frå barnehageåret 2014–2015. I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort framlegg om 241 millionar kroner til nye lovfesta barnehageplassar, noko som vil gi om lag 2900 nye plassar. Det er ein tredjedel av plassane som må etablerast for å innføre to opptak. Sidan 2005 har 62 650 fleire barn fått plass i barnehage. 

Regjeringa vil styrkje kompetansen i barnehagane og foreslår å løyve 40 millionar kroner ekstra til dette i 2014. Pengane skal mellom anna brukast til auka kompetanse for personalet i barnehagen, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, leiarutdanning for styrarar og etablering av fagskoletilbod i oppvekstfag. Totalt vil om lag 200 millionar kroner gå til forsking, rekruttering og kompetanseheving for tilsette i barnehagane i 2014. 

Barnefamiliane sine reelle utgifter til barnehageplass blir ytterlegare reduserte i budsjettet for 2014. Maksimalprisen per månad for ein heiltidsplass blir sett til 2360 kroner. Regjeringa innfrir med dette løftet frå Soria Moria-erklæringa om at foreldre maksimalt skal betale 1750 2005-kroner i månaden. Ein familie med to barn i barnehage har no om lag 25 000 kroner lågare kostnader per år enn tilfellet var i 2005. Totalt foreslår regjeringa å løyve 245 millionar kroner til lågare pris i 2014. 

Frå 1. august 2013 auka minimumstilskotet til private barnehagar frå 92 til 96 prosent av det dei kommunale barnehagane får i finansiering. Regjeringa foreslår å løyve om lag 170 millionar kroner i budsjettet for 2014 til å dekkje heilårsverknaden av denne opptrappinga. 

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til barnehageformål i 2014 med nesten 700 millionar kroner i forhold til budsjettet som blei vedteke i fjor.