Historisk arkiv

Utvidar retten til ettervern i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Frå 1. januar 2021 blir aldersgrensa for rett til ettervern for unge med barnevernserfaring utvida frå 23 til 25 år.

– Det er mange som har kjempa for dette, ikkje minst unge med barnevernserfaring sjølv. No har vi tatt deira innspel på alvor, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Barnevernstenesta skal gi barn som har hatt barnevernstiltak tilbod om ettervern etter at den unge er fylt 18 år. Per i dag kan ettervern innvilgast fram til den unge er fylt 23 år, men frå 1. januar 2021 blir aldersgrensa auka til 25 år.

Ettervern er eit frivillig tilbod. Tiltak som barnet hadde før det fylte 18 år kan førast vidare eller erstattast av andre typar tiltak (Barnevernloven § 1-3 annet ledd).

– Barn som har hatt hjelpetiltak eller omsorgstiltak frå barnevernet har ofte ei lengre og vanskelegare overgang til vaksenlivet. Ettervern skal bidra til at ungdom med barnevernserfaring skal få nødvendig hjelp og støtte i overgangsfasen til eit sjølvstendig vaksenliv, seier Ropstad

Med ei grense opp til 25 år for ettervern, vil færre som har opplevd omsorgssvikt falle utanfor som unge vaksne.

Barnevernet har eit større omsorgsperspektiv i si oppfølging enn andre tenester. Kjernen i ettervernstilbodet er støtte, råd og vegleiing. Slik hjelp er noko andre ungdommar gjerne får frå sin familie.