Historisk arkiv

Utvidar søknadsfristen og opnar for at fleire aktørar kan søke om kombinerte studentbustader og sjukeheimar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet utvidar søknadsfristen og opnar for at stiftingar og private aktørar kan vere med på prøveordninga med studentbustader i tilknyting til sjukeheim.

Dette inneber at ideelle stiftingar òg kan søke om å bli med i ordninga og at kommunar kan inngå samarbeid og kunngjere anbod med private aktørar. I tillegg kan kommunar framleis på sjølvstendig grunnlag søke om å delta.

Bakgrunnen for endringane er eit mål om å auke talet søknader til prøveordninga. Søknadsfristen blir utvida til 1. desember 2021.

Formålet med forsøket er å sjå om det i framtida kan vere formålstenleg å kombinere eller samlokalisere sjukeheims-/omsorgsbustader og studentbustader i Noreg. Forsøket er mellom anna inspirert av liknande ordningar i Nederland. Erfaringa der er at både studentar og dei eldre er nøgde. Studentane finn det meiningsfylt og det bidreg til både ekstra aktivitetar og mindre einsemd for dei eldre.

Det er sett av pengar til inntil 20 hybeleiningar i prøveordninga. Regjeringa ønsker å finne minst eitt prosjekt sentralt og eitt i distrikta.