Historisk arkiv

Vaksenagronom-opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det blir nå etablert tilbod om vaksenagronom-opplæring etter nasjonal modell over heile landet. 14 fylkeskommunar har fått tildelt midlar for å etablere tilsaman 370 skuleplassar med tilbod om vaksenagronom-opplæring i regi av fylkeskommunale naturbruksskular. Det er stor etterspurnad etter tilbod om agronomutdanning for vaksne. Det er mange som tek over, eller kjøper gard i vaksen alder, og som gjerne har ein annan bakgrunn frå tidligare.

− Det må bli lettare for dei som ikkje allereie er i næringa å bli bønder. Det vil gi landbruket ny dynamikk og imøtekome  ønskja frå dei mange som gjerne vil arbeide med jord, planter og dyr, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

− Derfor er det trong for fleksible tilbod om utdanning, som er tilpassa dei som har ein annan bakgrunn, og ikkje har høve til å følgje det vanlege utdanningsløpet, seier Dale. 

Nasjonal modell

I jordbruksoppgjøret  for 2017 vart det sett av 11 millionar kroner til etablering og drift av ein nasjonal modell for vaksenagronom-opplæring i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskulane.

Tilbodet skal gi lik opplæring med omsyn til organisering, innhald og nivå, og skal: 

  • Ha eit fagleg innhald som femner om  programfag landbruk Vg2 og programfag landbruk Vg3 fordelt over to år. Innanfor programfaget landbruk er det høve til regionale tilpassingar med ulik vektleggjing av tema og produksjonstyper, slik det blir praktisert på naturbruksskulane i dag.
  • Vere organisert som samlingar i kombinasjon med nettundervisning.
  •  Ha ei nedre aldersgrense for opptak på 25 år.
  • Fullført opplæring gir yrkestittelen agronom. 

På oppdrag frå partane i jordbruksoppgjeret har det vore gjennomført ei utgreiing: