Historisk arkiv

Valet viktigaste oppgave framover

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Arbeidet med kommunestyre- og fylkestingsvalget går som normalt. Vår aller viktigsaste oppgåve no er å sørgje for at veljarane får bruke røysteretten sin 12. september, seier kommual- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Arbeidet med kommunestyre- og fylkestingsvalget går som normalt. Vår aller viktigsaste oppgåve no er å sørgje for at veljarane får bruke røysteretten sin 12. september, seier kommual- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I går fekk statsråden ei oppdaterig på valarbeidet og sikra seg at arbeidet med valet i haust går som normalt etter åtaket mot regjeringskvartalet fredag 22. juli.

- Alle tilsette i departementa er ramma av denne alvorlege hendinga, anten dei var tilstades då det skjedde, nettopp hadde forlatt arbeidsplassen sin eller var på ferie. Eg er imponert over korleis dei tilsette står på og gjer jobbane sine likevel, seier statsråd Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har vore i kontakt med samtlege fylkesmennen som og kan svare på spørsmål vedrørende valet. Eit aktuelt spørsmål er om namna til drepte i åtaka som skulle stilt til val i haust, framleis skal stå på røystesetlane til valet. Dette er opp til valstyret i den enkelte kommune å avgjere. Namna kan strykast av omsyn til dei pårørande, men vallova tillet ikkje at parti set opp nye namn på listene. Allereie no kan veljarar røyste dersom dei tek kontakt med kommunen sin på førehand.

- Den ordinære førehandsrøystinga startar 10. august som planlagd, seier Navarsete. Det spesielle no er at vi også har to forsøk ved valet: Veljarane kan førehandsrøyste via Internett i ti kommunar og 20 kommunar har forsøk med røysterett for 16- og 17-åringer.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete får ei oppdatering rundt valarbeidet i departementet av fagdirektør Marianne Riise. (Kommunal- og regionaldepartementet)