Historisk arkiv

Søk om støtte til friluftsaktivitetar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

– Har du framlegg til eit tiltak eller ein aktivitet som får fleire folk ut i norsk natur? Då oppfordrar eg deg til å søke om støtte hjå Statskog. Friluftsliv gir betre livskvalitet og folkehelse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Statskogmillionen er ei nasjonal støtteordning med små og mange støttebeløp som blir delt ut over heile landet, med ei samla utbetaling årleg på ein million kroner. I løpet av eit år får 150 tiltak og aktivitetar i heile Noreg støtte frå Statskog. 

Skitur
Søk om støtte til friluftsaktivitetar hjå Statskog. Foto: NTB Scanpix/VG/Jørgen Braastad.

Slik søker du:

  • Alle organisasjonar kan søke om støtte. 
  • Du kan søke om middel to gangar i året; i april og i august.
  • Søknad på middel i ordninga må skje gjennom eit skjema som du finn hjå Statskog. 
  • Søk helst før du startar - Statskog støttar ikkje aktivitetar som er avslutta.
  • Du må kunne dokumentere faktiske utgifter på minst kr 5 000 for å bli vurdert i ordninga.
  • Søknaden din kan gje deg kr 5 000 eller kr 10 000 i støtte. 
  • Jo meir friluftsliv og folkehelse du får ut av pengane, jo større er moglegheita for å få støtte.

Kva er Statskog?

  • Statskog er Noreg sin største grunneigar, og er eit statsforetak. Staten sin grunn ein femtedel av fastlands-Noreg.
  • Som forvaltar skal Statskog SF sikre fellesskapet sine verdiar. 
  • Statskog skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedomar  og ressursane.  
  • Statskog skal drive eit aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. 
  • Statsforetaksformen er valt fordi Statskog skal bli drivne etter bedriftsøkonomiske prinsipp, men er samstundes pålagt å løyse andre samfunns- og sektorpolitiske målsettingar på oppdrag frå eigar. Staten er 100 prosent eigar av Statskog SF.