Historisk arkiv

Varierenda prisar på jordbruksvarer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei internasjonale prisane på meierivarer gjekk opp i mars, medan prisane på kjøt var nokså stabile. Eggprisane i EU er på veg nedover, etter ein kraftig auke i 2017.

FAO sin prisindeks syner at verdsmarknadsprisane på kjøt var nokså stabile i mars. Litt knappare tilførslar av svinekjøt i EU ga svak auke i prisane på svinekjøt, medan rolegare etterspurnad etter storfekjøt bidrog til at dei internasjonale storfekjøtprisane gjekk svakt ned. For fjørfe var dei internasjonale prisane stabile, medan høg etterspurnad frå Kina drog opp dei internasjonale prisane på småfekjøt.

Lågare eggprisar i EU

Eggprisane i EU er på veg nedover etter ein kraftig auke i 2017. Vekta gjennomsnittspris for EU gjekk ned med om lag 2,8 prosent, mot ein nedgang på 2,3 prosent månaden før. Prisnedgangen var størst i Tyskland og Polen, medan prisane i Bulgaria og Romania gjekk litt opp.

Kornprisane følgjer vêrmeldinga

Som vanleg på denne tida av året, er dei internasjonale kornprisane prega av forventingane til korleis avlinga i komande sesong vil bli. Tørt vêr i USA bidrog til prisauke på kveite i byrjinga av mars, men prisen har sidan gått litt ned.

Egg.
Dei internasjonale prisane på meierivarer gjekk opp i mars, medan prisane på kjøt var nokså stabile. Eggprisane i EU er på veg nedover, etter ein kraftig auke i 2017. Foto: Colourbox