Historisk arkiv

Værne kloster landskapsvernområde og Klosteralléen biotopvernområde er oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Verneplan for Værne kloster landskapsvernområde og Klosteralléen biotopvernområde i Østfold fylke blei vedteken av Kongen i statsråd i dag.

Verneplan for Værne kloster landskapsvernområde og Klosteralléen biotopvernområde i Østfold fylke blei vedteken av Kongen i statsråd i dag.

-Eg gler meg over at eit fantastisk kulturlandskap med store naturverdiar blir sikra for våre komande slekter, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Landskapsvernområdet ligg i Rygge kommune og strekk seg frå Ekholt  i nord og til Årefjorden  i sør. Landskapsvernområdet er ca. 5. 464 dekar stort og av det er ca. 142 dekar sjøareal. Biotopvernområdet er på ca. 5 dekar.

Landskapsvernområdet er oppretta for å ta vare på eit herregardsprega kulturlandskap
v
ærne klosters nordre del er eit herregardsprega landskap med store, samanhengjande jorde, store bygnings- og hageanlegg og alléar. Området er prega av ein lang historie og eigedomane Huseby og Værne kloster, har båe hatt sentrale posisjoner i distriktet, sistnemnde eigedom både som kloster og krongods. Mange av kulturminna i området er knytt til desse to eigedomane. Dei synlege historiske spora går attende til bronsealderen og i Telemarkslunden, i Carlberg eikelund og på Carlbergåsen finn vi mellom anna bronsealderrøyser.

Mesteparten av arealet i Værne kloster landskapsvernområde er aktive landbrukseigedomar. Her finn vi 3.600 dekar dyrka mark, og gardbrukarane produserar korn, gras, poteter og grønsaker.

-Eit aktivt jordbruk er avgjerande for å oppretthalde dette særprega og storslegne kulturlandskapet, understrekar miljøvernministeren. 

Det finst i tillegg fleire andre næringsaktørar innanfor landskapsvernområdet som ikkje er direkte knytt til landbruksverksemd. Eksempel på slike er Ekeby gard med gardsturisme og Carlberg gard med utleige av bygningar, samt galleri og handverksutsal.

Klosteralléen biotopvernområde er oppretta av omsyn til planten kammarimjelle. Kammarimjelle er ein sterkt truga plante, jf.  Norsk raudliste for artar 2010. Lokaliteten ved Værne kloster blei i 2010 vurdert til å vere den største og viktigaste av dei kjende lokalitetane i Noreg. I perioden 2005 - 2010 antok ein at ca 700 individ av arten vaks på lokaliteten. Dette var ca 70 % av totalbestanden i landet.

Last ned faktaark om Værne kloster (pdf).

Last ned vernekart for Værne kloster (pdf).

Last ned verneforskriften for Værne kloster (pdf).

Kongelig resolusjon: Verneplan for Værne kloster landskapsvernområde og Klosteralléen biotopvernområde, Rygge kommune, Østfold fylke

Værne kloster i Østfold (Foto: Gunnar Bjar/ Fylkesmannen i Østfold)
Værne kloster i Østfold (Foto: Gunnar Bjar/ Fylkesmannen i Østfold)