Historisk arkiv

Varslar handlingsplan for energieffektivisering i bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det er naudsynt med meir miljøvennleg og mindre energibruk i byggjenæringa i åra som kjem. Difor inneheld den nye regjeringsplattforma lovnad om ein handlingsplan for energieffektivisering i bygg, sa statsråd Magnhild Meltveit Kleppa då ho tala på representantskapsmøtet til Byggenæringens Landsforening 9. oktober.

Kleppa oppmoda byggjenæringa til å bidra i klimakampen og medverka til gode løysingar. - Lågare energibruk i bygg er klimapolitikk som monnar. Dei siste 30 åra har byggjesektoren hatt ein høgare auke i energibruken enn alle andre sektorar. Omlag 40 prosent av den stasjonære energibruken i Noreg kjem frå bygg. Eg har tillit til at  byggjenæringa har kunnskap, vilje og kompetanse til å vera med og redusera klimagassutsleppa, sa Kleppa.

Statsråden peika også på at regjeringa har tydelege målsetjingar om færre byggjefeil, fleire universelt utforma bustader og god byggjeskikk.

Utset nye byggjereglar 
Kleppa sa også at ho vil gje kommunane og byggjenæringa meir tid til å forbereda seg på ny byggjelovgiving. – Eg ønskjer at både dei som skal byggja og dei som skal sikra ei effektiv og trygg handsaming i kommunen er godt førebudde før dei nye byggjereglane blir iverksette. Både næringa og andre argumenterer godt for noko meir tid. Vi utset byggjedelen av den nye plan- og bygningslova og føresegnene eit halvt år. Dei nye reglane vil gjelda frå 1. juli 2010, sa Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.